Bjørgum Mekaniske AS har 5 tilsette. Verksemda held til på Bjørgum som ligg 10 km aust for Voss sentrum langs R7.
 
Verksemda vart starta av Stig Ove Bjørgum i 1988.  Han dreiv åleine med generelt mekanisk arbeid fram  til 1994. Han spesialiserte seg då på å byggje maskiner på oppdrag frå industrikundar. Dette har sidan vore ein viktig bærebjelke i utviklinga av verksemda.

Sidan 2002 har ein i samarbeid med eit offshore selskap utvikla og produsert produkt innan brønnteknologi.
Arbeidsområde for bedrifta kan no delast i 3 område:
  • Konstruerar og byggjer spesialmaskiner for industri
  • Maskinering av  komponentar  for kundar ( leigemaskinering )
  • Prototypeutvikling / produksjon for kunde
Målsetjinga er å finna gode praktiske løysingar på kunden sine behov

Verksemda har i dag  4  CNC maskiner og har teke i bruk 3D verktøy for konstruksjon og produksjon
 
For konstruksjon og utvikling brukar ein SolidWorks som er eit fullverdig 3D konsept. Dette gjev  kunden eit godt visuelt inntrykk av funksjonar og utsjånad på eit produkt / maskin før ein startar med prototypebygging eller produksjon.